fredag 16. oktober 2009

Tips til stilskriving

Stilskriving er ein sentral aktivitet i den norske skulen, no som før. Det har generelt sett blitt viktigare for oss norsklærarar å legge opp effektive vurderingar av stilar på ein slik måte at elevane får gode og klare tilbakemeldingar på kva som eigentleg krevst av dei i denne samanhengen. Dei "nye" læreplanmåla i Kunnskapsløftet gjer at det har dukka opp nye oppgåvetypar (analysar av retorikk, talar, samansette/multimodale tekst etc.) i høve til dei meir tradisjonelle (artiklar, analysar av sakprosaktekstar og skjønnlitterære tekstar).

På mange skular går det no føre seg eit arbeid med å konkretisere måla som ligg til grunn for skrivetreninga og vurderinga av ulike typar elevtekstar. Ein del av dette er blitt publisert allereie. Elles ligg det ulike vurderingsskjema, rubrikkar og "tips" om korleis ein skal skrive gode stilar ute på verdsveven. Noko ligg på ulike læreboknettstadar, andre på ulike lærarbloggar, og andre igjen flyt rundt i ulike nettverk. Kor gode desse sidene er, er variabelt, og nokre av sidene inneheld stoff som ikkje er "ferdig" og må derfor takast med ei klype salt. Men:

På direkte førespurnad frå ein del av elevane mine, så legg eg ut nokre lenkjer til tips, vurderingsskjema etc. som eg tykkjer er gode. Andre lærarar kan godt vere ueinige med meg, så elevane kan kanskje be lærarane vurdere innhaldet på tipsa før dei vert brukte.

Sidene er delte inn i "info" som gir opplysningar om dei ulike sjangrane, "punktlister" som set opp forslag til innhald i dei ulike sjangrane, "lenkjer" som er nettopp det, "vurderingsskjema" som er meinte for utfylling, og endeleg "rubrikkar", der ein set opp kriterium for måloppnåing.

..og dette kan ikkje seiast klart nok. Punktlister er berre meinte som hjelp i førebuingsfasen. Alle elevtekstar på langsvarsoppgåver skal vere heile, samanhengande tekstar med god tekstbinding. Om ein leverer inn ei "punktliste", skal ein stryke!

Dersom nokon har forslag til sider eller skjema som burde vere med her, eller meiner at nokon av lenkjene på lista bør takast vekk, så legg inn ein kommentar under.

Generelle tips om stilskriving:
Sensorrettleiing - Udir - sensorrettleiing til eksamensoppgåver vår 2008 - sensorskjema/kjenneteikn for måloppnåing
Nivådelt vurderingsskjema for analysar og resonnerande tekstar - ukjent forfattar
Å komme i gang med oppgaven - Studenttorget.no -om skriveprosessen i samband med eksamen/langprøver
Norsk: Sjangere - Studenttorget.no - om artikkel, essay, kåseri, novelle etc.
Sjangerlære - Norsk nettskole - sjangrar som essay, kåseri og andre
Skriv bedre stil - Riksmålsforbundet - god på tradisjonelle oppgåver
Vurderingskriterier, skriftleg - Knarvikl VGS - konkretiseringsarbeid i høve til norskfaget, inneheld vurdering av essay, filmmelding, moderne eventyr, tekstanalyse etc.

Argumenterande tekst/artikkel
Rubrikk: Argumenterande tekst - Leif Harboe
Punktliste: Norsk stil - artikkel - Eli Sonja Kolset Vasset

Noveller/episke tekstar
Info: Om å skrive fortellinger - Morten Harry Olsen

Kåseri
Info: Kva er eit kåseri? - Norsk nettskole
Punktliste: Norsk stil - kåseri - Eli Sonja Kolset Vasset

Essay
Info: Essay - Norsk nettskole
Punktliste: Norsk stil - essay - Eli Sonja Kolset Vasset

Sakprosaanalyse

Diktanalyse
Punktliste: Analysemal: Lyrisk diktning - Vgskole.no

Analyse av novelle/prosatekst
Punktliste: Analysemal: Episk diktning - Vgskole.no
Punktliste: Norsk stil - romananalyse - Eli Sonja Kolset Vasset

Retorisk analyse
Punktliste: Skjema for retorisk analyse - Underteikna
Punktliste: Skjema for retorisk analyse av tekster - Hilde Melby

Analysar av samansette tekstar
Punktliste: Analyse - NDLA

Analysar av nettstadar
Info: Korleis beskrive nettstader - NDLA

Analysar av teikeseriar
Info: Teikneseriar - NDLA
Info: Teikneseriar - Nynorsksenteret
Punktliste: Analyse av eit teikneseriealbum - NDLA

Analysar av bilete
Info/punktliste: Bildeanalyse (pdf) - Panorama

Analysar av film
Info: Analyse - frå NTNU
Info: Virkemidler i film - frå Epos GK
Punktliste: Å analysere film - Norsk filminstitutt

Analysar av musikkvideo
Punktliste: Analyseskjema for musikkvideoer - Hilde Melby
Punktliste: Hvordan analysere en musikkvideo - Marita Aksnes

Reklameanalyse (tekst + bilde)
Punktliste - Model til reklameanalyse - ukjent opphav (dansk)
Punktliste - Analyse av reklame - Norsk nettskole

Reklameanalyse (reklamefilm)
Punktliste: Analyseskjema for reklamefilm - ukjent opphav
Lenkjer: Reklamefilm - Mediana

Adaptasjonsanalyse
Innfyllingskjema: Adaptasjonsanalyse (doc) - Panorama

7 kommentarer:

Vibeke Gilje Sanne sa...

Tusen takk, det var eit kjempefint oversyn! Eg vil sjå litt meir på lenkene, og så vil eg dele dei med elevane mine :-)

Didrik sa...

Flott! Sei gjerne frå om du veit om lenkjer som burde vere med. Det hadde vore spesielt kjekt å ha fleire nivågraderte rubrikkar.

Leif sa...

Fin oversikt! Anbefaler den til kollegene!

Didrik sa...

Takk for det, Leif, og "sjølv takk". Du står jo sjølv bak fleire av tipsa!

blogg sa...

Denne var super, eg har tipsa norsklærarane her på bruket. Men har du lyst til å leggje det ut på del og bruk - wikien? T.d. her: http://delogbruk.wikispaces.com/Videreg%C3%A5ende+oppl%C3%A6ring og her: http://delogbruk.wikispaces.com/Norsk
?

Didrik sa...

Det kan eg gjerne.Eg har akkurat sendt ein førespurnad om å verte med på wikien.

Guttorm Hveem sa...

Du er lagt til :)